Delebil dankar ut BMW og Volvo på finn.no: Her er topplista over årets søkeord

Foto: Mia Oshiro Junge / NTB scanpix

Foto: Mia Oshiro Junge / NTB scanpix Foto:

GJENBRUK: Vi elskar sofa, småbruk og luksusmerker, medan snøfresar og delebil er mellom årets nykommarar.

DEL

- At sofa, sykkel og småbruk fortsatt er på topp 10-lista over mest brukte søkeord på heile Finn.no for tredje år på rad, er ikkje overraskande. Vi nordmenn er jo veldig opptekne av oppussing og utskifting av møblar, og der kjem sofa inn i bildet. Småbruk på si side, representerer drøymaren i oss, seier Kristine Eia Kirkholm, kommunikasjonsjef i Finn:

- Andre ting, som sportsutstyr og snøfresar, er litt meir sesongbetont. Vi ser at søka spenner veldig breitt, og det er mange morsomme, fine og rare ting som blir søkt etter.

Som tidlegare år har Finn laga ei oversikt over kva vi har søkt mest på i året som har gått. Medan sofa, småbruk og sykkel fortsatt er blant dei mest brukte og mest stabile søkeorda, har delebil komme inn på topplista på Finn bil - og gått forbi både BMW, Volvo og innbyte som populære søkeord.

Delebil dankar ut BMW og Volvo


At delingsøkonomien også har gjort sitt inntog i bilbransjen, ser vi tydeleg på søketopp-lista på Finn bil.

I tillegg til campingvogn og amg, som har lege i toppsjiktet av lista i fleire år, har nemlig delebil komme inn som nytt søkeord, med ein fjerdeplass.

Også BMW, Volvo, bubil og GTI er nykommarar på lista, og skyv dermed både innbyte og russebil ned nokre hakk. Elles har Tesla hatt eit godt år, og hannar på ein andreplass over dei mest brukte bilrelaterte søkeorda på FINN i 2018.

Rolex og Louis Vuitton øker


På topplista for Finn-torget finn vi fortsatt sofa, etterfølgd av sykkel og hagemøblar. Men også luksusmerka Rolex og Louis Vuitton har vore ettertrakta på bruktmarnadsplassen i året som har gått. Rolex ligg no på fjerdeplass, medan Louis Vuitton hamnar på ein femteplass.

- Det er moro å sjå at mange brukar Finn som ein andrehandsmarknad for eksklusive merkevarer. Det som blir lagt ut til sals er ofte svært pent brukt, og gir gode moglegheiter til å få tak i både dyre og eksklusive produkt, som ein kanskje elles ikkje hadde hatt moglegheit til å kjøpe. Det er “like bra brukt”, seier Eia Kirkholm i Finn.

Medan fire av søkeorda på topp ti er møbelrelaterte, deriblant kommode og spisebord, er snøfresar heilt nytt av året.

- Vi såg ein enorm auke i søk etter snøfresar i januar, då det kom masse snø i store delar av landet. Så det løner seg å vere litt tidleg ute, om ein tror ein kan trenge ein fresar i år!

Spania og Hellas på reisetoppen


Spania og Hellas er framleis nordmenns soleklare favorittdestinasjonar for utenlandsferiar, med Gran Canaria og Kreta som dei mest brukte søkeorda innanfor pakkereiser.

Når det gjeld flybillettsøket, er Oslo, med Bangkok og London hakk i hæl, dei mest brukte søkeorda, så kjem Alicante - og Bergen.

Spania og Norge er dei mest populære landa å søke etter feriehus- og hytter til leige i, og her heime er det særleg vinterdestinasjonar, som Trysil og Hemsedal, som er populære.

Artikkeltags