Skal du ut i leigemarknaden for første gong til hausten? Denne fella må du unngå

Illustrasjonsfoto Sara Johannessen/Scanpix

Illustrasjonsfoto Sara Johannessen/Scanpix Foto:

Det kan vere lurt å sette seg inn i kva rettar ein har som leigetakar.

DEL

Mange unge brukar sommaren på å leite etter sin første leigebustad og ofte kjenner dei ikkje til rettane leigetakarar har.

– Det er mange «feller» ein må vere obs på, mellom anna depositumsfella, seier jurist Karen Mellbye i husleie.no.

Sommaren er høgsesong for inngåing av leieforhold. Tal frå husleie.no viser at nesten dobbelt så mange leigekontrakter blir inngått i juli og august, samanlikna med gjennomsnittet av dei andre månadane i året.

– Mange flyttar heimefrå før første gang for å studere. Som ny i leigemarknaden kan det vere lurt å sette seg litt inn i kva rettar ein har som leigetakar, seier Mellbye.

225 saker om irregulært depositum


I mange leigeforhold inngår eit depositum som fungerer som tryggleik for utleigar. Hvis leigetaker ikkje betalar husleiga eller skadar husværet, kan utleigar ha krav på å trekke det frå depositumet når leigetakar flytter ut.

Eit depositum kan maks utgjere seks månadsleiger, og krav om depositum skal framgå i kontrakten. 

Karen Melbye, jurist i husleie.no.

– Det finst klåre reglar for depositum: Det kan maks utgjere seks månadsleiger, og krav om depositum skal framgå i kontrakten. Eit depositum skal stå på ein sperra depositumskonto i leigetakar sitt namn, og han eller ho skal ha rentene frå denne kontoen. Likevel skjer det at utleigarar ber leigetakarar om å sette depositumsbeløpet inn på utleigars vanlege bankkonto. Dette blir kalla irregulært depositum og er ulovleg, forklarar Mellbye.


Husleigetvistutvalet løyser tvister mellom utleigar og leigetakar av bustad. I 2017 fikk dei inn 255 saker om irregulært depositum, 23 prosent fleire enn i 2016.

– Som ny leigetakar er det viktig å vite at utleigar ikkje har lov til å ha depositumspengar ståande på sin eigen konto. I slike tilfelle kan du som leigetakar når som helst krevje pengane tilbake, med forseinkingsrenter, seier jurist Mellbye.

– Fortener ei enkel løysing


Husleie.no har inntrykk av at mange utleigarar synest det er komplisert, tidkrevjande og dyrt å opprette depositumskonto, og at fleire difor vel ei ulovleg løysing med irregulært depositum. Saman med Easybank har husleie.no utvikla ein enklare depositumskonto som er heilintegrert med leigekontrakter på husleie.no.

– Utleigarar og leigetakarar fortener ei enkel og billeg løysing for depositumskonto. Viss det blir enkelt nok, trur vi svært få vil nytte irregulært depositum. I vår løysning skjer alt digitalt og depositumskontoen blir oppretta i samme prosess som signering av leigekontrakten. Det heile tek berre nokre få klikk, seier administrerande direktør Oddbjørn Berentsen i Easybank.

Artikkeltags