Seks av ti vil halde seg i Norge i ferien

BADING PÅ PRATA
SOMMAR --- BADELIV  ---- SOL ---- FERIE

BADING PÅ PRATA SOMMAR --- BADELIV ---- SOL ---- FERIE Foto:

Det hevdar Finn.no i si undersøking, og rekordmange er interesserte i å leige hus eller hytte.

DEL

Fjorårets rekordvarme sommar ser ut til å ha hatt innverknad på nordmenns ferie- og reisevaner i år, viser ei undersøking som Finn reise har gjennomført i samarbeid med Opinion.

Fleire ferierer på heimebane

Medan fjorårets undersøking viste at over 70 prosent av oss skulle til utlandet i løpet av sommarferien, svarar kun 50 prosent det same i år: No vil fleire av oss tilbringe heile eller deler av sommaren i Norge.

– Både undersøkinga og tal frå Finn reise viser at fleire vil feriere i Norge i år, og det har truleg samanheng med den fantastiske sommaren vi opplevde i fjor. Fleire har nok også blitt påverka av klimadebatten og legg ferien til nærliggande destinasjonar. Norge som feriedestinasjon står svært sterkt, seier Terje Berge, kommersiell direktør i Finn reise.

Blant destinasjonene som er mest ettertrakta for feriering her heime, havnar Sørlandet, Vestlandet og Nord-Norge på topp områdemessig. I tillegg er Oslo eit populært reisemål for mange.

–  Sørlandet er generelt veldig populært om sommaren med sine sjø- og bademoglegheiter. I tillegg ser vi at stadig fleire ønsker seg til Vestlandet, som er ein utruleg vakker destinasjon, medan Oslo er ettertrakta som feriemål for dei som kanskje bur eit stykke unna. Ein ser også ein auke i sal av flybillettar til Nord-Norge på nesten 15 prosent samanlikna med i fjor, så at folk ønsker seg nordover i ferien er ein trend som bare aukar, seier Berge

Hytter og feriehus er etterspurde

45 prosent av respondentane svarar at dei skal tilbringe heile eller deler av sommarferien i Norge på sjølv- eller familieeigd hytte, ti prosent fleire enn i fjor. Også leige av hytter og feriehus har blitt meir ettertrakta. Over 20 prosent i undersøkinga oppgir at dei har planar om å leige i løpet av årets sommerferie - opp tre prosent frå i fjor.

Og om sommaren vil vi til kysten. Blant dei mest søkte reisemåla for sommaren (frå april til no), finn vi kjende stader som Kristiansand, Kragerø, Hvaler og Stavern. Ifølge Berge er det såpass stor etterspurnad etter feriehus- og hytter som er til leige no, at ein kan tene gode pengar på å leige ut, spesielt i fellesferiane. I dei mest populære områda er det få tilgjengelege leigeobjekt i høgsesong, så det gjeld å vere tidleg ute for å sikre seg sin favoritt.

– Har du ei hytte eller eit feriehus du ikkje får brukt så mykje i fellesferiane, er det mykje penger å tene på å leige den ut, seier Berge:

– Det kan også hjelpe til med å dekke kostnaden med å ha og vedlikehalde hytta.

Mest søkte område innanlands på feriehus- og hytter på Finn reise (tal frå april til og med i dag):

1. Kristiansand
2. Sørlandet 
3. Kragerø
4. Hvaler
5. Stavern
6. Østfold
7. Vestfold
8. Telemark
9. Tjøme
10. Hordaland

Artikkeltags