Folkehelsa vil ha stordugnad mot hovudlus

Det er lett å sjekke om ein er smitta med lus. Undersøk hovudbotnen - spesielt i nakken og bak øyra - for egg. Egga er 0,8 millimeter små og klistrar seg fast til hårstråa.

Det er lett å sjekke om ein er smitta med lus. Undersøk hovudbotnen - spesielt i nakken og bak øyra - for egg. Egga er 0,8 millimeter små og klistrar seg fast til hårstråa. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Folkehelseinstituttet vil ha skular og barnehagar med på ein storinnsats mot lus.

DEL

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skolar og barnehagar landet over. Anslagsvis har ein til to prosent av barn i Noreg til ei kvar tid lus.

Jamleg lusesjekk reduserer risiko for smitte

Skolar og barnehagar kan informere foreldre og føresette om korleis ein sjekkar for og behandlar hovudlus. Folkehelseinstituttet har laga brosjyre og informasjonsskriv som barnehagar og skolar kan bestille gratis og distribuere vidare. Deii har også ein film som viser korleis ein sjekkar barn for hovudlus:

Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere talet på hovudlustilfelle over tid. Derfor oppfordrar deii skular og barnehagar til å få foreldre og føresette til å foreta lusesjekken helga 1. og 2. september, og med fortløpande behandling dersom dei oppdagar lus. Heile familien bør undersøkast.

Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skule eller barnehage samt foreldre til nære skule- eller fritidsvenner av barnet, slik at dei også kan bli sjekka og eventuelt behandla.

Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å redusere talet på tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefaler sjekk med lusekam minst ein gong i månaden. Når smitte av hovudlus blir oppdaga tidleg, minkar sjansen for å smitte andre.

Spørjeundersøking om hovudlus

Samstundes med hovudluskampanjen i haust gjennomfører Folkehelseinstituttet ei spørjeundersøking om hovudlus. Alle elevar på til saman 41 barneskolar i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen og Oslo får med seg ein lusekam og ei spørjeundersøking heim.

‒ Vi ønskjer å kartlegge førekomsten av hovudlus hos elevane og familiemedlemmene deira. Vi spør også om nokon i husstanden har hatt hovudlus tidlegare, korleis familiane gjer hovudlussjekk, kostnader knytta til hovudlus og kva familiemedlemmene veit om hovudlus, seier prosjektleiar for spørjeundersøkinga, forskar Bjørn Arne Rukke.

‒ Vi gjorde same undersøking i 2008 og ser no fram til å kunne samanlikne og sjå korleis dette har utvikla seg på ti år, poengterer han.

Gjennom hovudlusundersøkinga vil meir kunnskap kan bidra til å redusere førekomsten av hovudlus i Noreg.

Artikkeltags