I dag trur mange det går til hel....

SLITER DU MED fredag 13? Då har du faktisk eit snev av lidinga med det catchy namnet paraskevidekatriafobi. Ill.P.News

SLITER DU MED fredag 13? Då har du faktisk eit snev av lidinga med det catchy namnet paraskevidekatriafobi. Ill.P.News

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

FLORØ: I dag er det fredag den 13. Så då er det berre å vente på ulykka, eller er det no det?

Fredag den 13. er kjent som sjølvaste ulykkesdagen, og det er eit internasjonalt fenomen. Kvart år fell denne fredagen på datoen 13, og nokre år kan det vere tre fredag den 13. gjennom eit år.

Det er ifrå den siste halvdelen av 1800-talet at fredag den 13. vart sett på som ulykkesdagen. Fredag vart sett på som uheldig og talet tretten har vore rekna som farleg. Det finnast ikkje klare haldepunkt for korleis førestillinga om denne ulykkesdagen vart etablert. Nokre meinte nok at sidan svikaren Judas var den 13. disippelen til bords, og at Jesus døydde på korset på ein fredag, så var koplinga for god til å la passere. Når Norrøn mytologi har det liknande i Valhall der Loke (Norrøn Judas) sneik seg inn på festen, då blei det furore.

Det smått pussige er at Tryg Forsikring har opplyst at det er om lag 16 prosent færre bilskadar på fredag den 13. enn den gjennomsnittlege dagen. Kanskje på grunn av at folk sit heime innpakka i watt i frykt for kva som kjem til å skje? Desse som er redd dagen og datoen har ei liding med namnet «paraskevidekatriafobi». Frykt og angst for fredag den 13. Så sjølv om dette er den ulykkelege dagen, så lev vi altså reint faktisk tryggare på denne dagen.

Artikkeltags