– Florø er no den einaste julebyen i fylket

Julemarknad i Florø, fredag første desember.

Julemarknad i Florø, fredag første desember. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det sa Kjartan Longva under opninga av julemarknaden fredag.

DEL

Julemarknaden fredag vert den første av minst fem. Sparka i gang med kvite snøfnugg dalande tett-i-tett ned frå himmelen, opplyst av hundrevis av små julelys. Buene var dekorert med lys og girlander – og frå høgtalarane strøyma kjende tonar og ord frå julesongar. Om noko kunne gje julestemning, måtte det vere akkurat dette: Strandgata, med eit flott, høgt juletre, bada i hundrevis av lys og eit tjukt teppe av kram snø på bakken.

Før opninga lovde ordføraren at dette ikkje vart noko «plastic fantastic» glorete Disney-jul. Men heller vart det som han annonsert: nedpå, ein stad der ein kan stoppe opp, senke skuldrene, og kose seg i førjulstida.

Høg kvalitet i såpe-sentrum

På programmet stod song av kora Fryd og Gnist, dans av Piruette, opptreden av Florø Musikkteater, og julekino med servering i teltet. I buene som er spesiallaga for marknaden, og dekorert av vakre girlander av Marta Askeland Leirvik, kunne ein finne spekemat, såper, heimestrikk, sjokolade frå Kalvåg, julekaker og julebøker, kaffi frå Sogndal og lokalt handarbeid. Ei av dei som viste fram sitt handverk, var Ingebjørg Gjerdset. Ho hadde med seg heimelaga såpe, kremar, skrubbar og lotion – alt laga heime, av dei reinaste ingrediensar og eteriske oljar.

– Eg har drevet med sal i tre-fire år, sjølv om mitt første forsøk var allereie for fleire tiår sidan, fortel Ingebjørg.

No er ho godt inni såpe-gamet, men eigenproduserte såper basert på ulike oljar og ingrediensar, og nemner hamp, sheabutter og arganolje. Såpene har samstundes eteriske oljar og kjennast mjuke og gode ut mot huda.

Men sjølv om produkta no er av høg kvalitet, har det ikkje alltid vore så lett.

– Eg kan godt minnast ein gong eg rett og slett måtte dumpe ti kilo med ølsåpe i bosset, ler Ingebjørg.

For å lage såpe og kremar er ein kunst. Oppskriftene har ho nytta fleire år på å pønske fram.

– Det skal vere mildt og godt mot huda. Kjøpesåpe har fort ein uttørkande effekt. Dette skal vareta fuktbalansen i huda og ein kan kjenne skilnaden, seier ho.

Barlind frå Brandsøy og lerk frå Botnaholten

Saman med Ingebjørg var Bente Bjerk som selde sjølvstrikk og julekransar, der alt frå kransane er henta frå nærområdet.

– Her har vi barlind frå Brandsøy og lerk frå Botnaholten, seier ho.

Kvart år lagar Bente tradisjonelle, grøne julekransane på sin eigen families juleverkstad, men å drive med sal har ho aldri gjort.

– Eg synast julemarknaden med heimelaga varer av god kvalitet før jul var ein fantastisk idé. Når Per Øyvind fortalde om ideen visste eg at eg ville vere med, seier ho.

Snøen kom som bestilt

– Det er nok det vi vil huske frå denne dagen, at snøen kom som bestilt og gjorde florøsentrum kvitt og vakkert, seier ordførar Ola Teigen.

Mange hadde møtt fram for å få med seg dagen, ønska velkommen av Per Øyvind Helle og ordførar Ola Teigen.

– Dei beste minna gjennom livet har vi ofte frå jula. Det er også dei første minna mange har. For kva er vel viktigare enn tida vi brukar saman. Julehøgtida er ikkje berre ei kristen høgtid, men ei stund då familien har tid til det å vere nettopp familie, byrja ordførar Ola Teigen kvelden.

Han beskreiv ei hektisk, men god tid. Ei tid fylt av forventningar, spenning, hemmelegheiter, nye smakar og mageknip frå peparkakedeig. Han poengterte at det er det julemarknaden handlar om: Å pleie forventningane til jule.

– Her er det litt marknad, men viktigast av alt: Her er det lukt, smak, aktivitetar, forteljingar, teater, her er varme og forventningar. Her er kultur og ikkje minst musikk, sa han før han gav ordet over til Arbeiderparti-mann og styreleiar i Botnaneset industriselskap, Kjartan Longva. Botnaneset Industriselskap opna lommeboka for å støtte oppom julemarknaden i Florø, med heile 150.000 kroner.

Han fortel at det ikkje var særleg vanskeleg å få florøvennen Longva med på laget.

– Ola stoppa meg på årsmøtet til Arbeidarpartiet. Og om sant skal seiast, er nok julemarknaden det beste som kom ut av det møtet, sa han humrande til forsamlinga som møtte opp til opninga.

– Florø er no den einaste julebyen i fylket, proklamerte han gjennom mikrofonen.

 

Artikkeltags