Naudetatane rykker ut til mogleg brann i fiskefabrikk

Dei tilsette er evakuert.

DEL

(Firda) Dag Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda at det skal vere varmegang i ein behaldar på Ewos i Gunhildvågen i Florø.

– Det er ikkje observert opne flammar sidan tanken er lukka, seier Gjesdal.

Alle naudetatane er på staden, og per no er det ikkje meldt eksplosjon- eller spreiingsfare. Dei tilsette ved fabrikken er evakuert.

Hanne Dankertsen, kommunikasjonsdirektør ved Cargill, fortel til Firda at situasjonen er under kontroll. Cargill eig fabrikken.

– Bygget er evakuert, og det er ikkje fare for skade på personar eller anlegg. No jobbar vi med å finne årsaka til varmgangen, seier ho.

Først vart det meldt om at det var varmgang i ein behaldar som inneheldt fiskemjøl, men det stemmer ikkje. Dankertsen fortel at det var ei råvareblanding i behaldaren.

Nina Andal ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda litt over 21.00 at brannvesenet forsett er på staden.

– Dei jobbar med å få ned temperaturen på behaldaren, seier ho.

Ho opplyser om at det er litt variable temperaturar og at brannvesenet nok kjem til å vere på staden ein stund for å passe på.

– Slik det er no er det ikkje fare for brann.

Artikkeltags