Gradvis oppstart av flytrafikken på Vestlandet

Arkivfoto.

Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Kokka 12.15 melder Bergens Tidende at det vert ei gradvis opptrapping av flytrafikken att. Stavanger lufthamn, der det tekniske problemet ligg, får fem ankomstar i timen, medan Avinor tek sikte på å greie 20-30 prosent av ordinær kapasitet ved dei øvrige lufthamnene, opplyser lufthavnsjef Leif Anker Lorentzen på Sola.

Ved hjelp av backupsystem er det no opna opp for noko trafikk, med begrensa kapasitet. Det betyr at det vil bli ytterlegare forseinkingar utover dagen.

- Vi ber alle reisande møte som normalt på flyplassen, og elles forhalde seg til informasjon frå flyselskapet om sin flyreise, seier kommunikasjonssjef Joachim Westher Andersen i Avinor i ei pressemelding.

Like før klokka 11 melder BT at det er flykaos på Vestlandet tysdag føremiddag.

Det skal vere problem med ein radar på Sola ved Stavanger som gjer at luftrommet over Vestlandet er stengt for innkommande fly.

På Florø lufthamn har dei to fly som ikkje får ta av, medan det så langt er eitt fly frå Bergen som ikkje har fått reise frå Flesland, fortel Johan Andreassen i Florø Flyservice.

Flya som ikkje får gå, skal til Oslo (skulle eigentleg hatt avreise 09.25) og til Kristiansund (skulle hatt avreise 11.15). Bergensflyet skulle ha landa klokka 11.30.

Andreassen seier ein så langt ikkje har fått nokre indikasjonar på når trafikken vil kunne takast opp att.

Dette er flyplassane som er ramma: Bergen, Stavanger, Haugesund, Førde, Florø, Sandane, Sogndal og Stord.

Artikkeltags