Då eit medlem av crewet ikkje kunne stille på jobb, vart alle bergensflya innstilt

Bakkemannskap har mindre å gjere med kanselleringar.

Bakkemannskap har mindre å gjere med kanselleringar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Eit medlem av crewet som skulle flyge mellom Florø og Bergen onsdagsmorgon vart sjuk, vart alle flygingane innstilt.

DEL

Vaktleiar i Widerøe ved Florø lufthamn, Ragnor Andreassen har hatt ein travel føremiddag. Då eit medlem av crewet som skulle fly mellom Florø og Bergen på alle flygingane onsdag føremiddag melde frå om sjukdom, stod ei rekke passasjerar landfaste. Så lite skal altså til før passasjerane på landet si største småflylufthamn står fast.

– Er eit medlem av crewet ute av stand til å stille på jobb, kan dei ikkje fly, stadfestar Andreassen.

Det er snakk om avgangane klokka 06.20 som hadde mellomlanding i Sogndal, flyet 08:55 via Førde, og flyet direkte til Bergen klokka 11:55.

– Det blei ein del ekstrajobbing, men vi har klart å få det unna, stadfestar han.

Det første flyet frå Florø via Ørsta/Volda til Oslo gjekk som normalt. Det vart redninga for nokre av passasjerane som eigentleg skulle til Bergen onsdag morgon.

– Elles har vi sendt folk med båt eller plassert dei på andre fly i ettermiddag, stadfestar vaktleiaren.

Artikkeltags