SFE stiller seg bak Florø Fotball: – Viktig å støtte flaggskipet

Artikkelen er over 1 år gammel

Ny treårig sponsoravtale med SFE og Florø Fotball.

DEL

SFE grunngir sponsoravtalen med at det er naturleg for kraftbedrifta å støtte Florø Fotball som flaggskipet i heimbyen.

– Drivkrafta er å skape gode plassar å bu, og då er engasjement viktig. Folk bryr seg om fotballen, og difor må vi lage strukturar som varer. Etter eventyret i 2016 og 2017 er det viktig å tenke langsiktig no, seier dei om den treårige avtalen med fotballklubben.

Som platinapartnar vil SFE-logoen vere ein av fleire svært synlege logoar i samband med Florø Fotball. Klubben skriv at for laget i den nasjonale G19-serien og for seniorlag i breiddefotballen medføra avtalen ein ny detalj.

– Ein spesiallaga logo er laga for å pryde ryggen på speledraktene, skriv klubben.

For vårt lag i nasjonal serie G19 og våre bredde seniorlag betyr avtalen ein ny utsmykking. En spesialdesignet logo er laget for å pryde ryggen på spelardraktene. Det er berre å glede seg.

Treårig samarbeid

SFE aukar stønaden og blir Platinapartnar med Florø Fotball. Eit langvarig samarbeid er forlenga med ytterlegare 3 år med opsjon på forlenging. I heimekampen mot Sogndal 1. juli er SFE medarrangør og kampsponsor. For klubben sin skult er eit slikt samarbeid viktig.

– For Florø Fotball er det nå viktig å ha to tankar i hovudet samtid. Vi ønsker å behalde plassen vår i norsk toppfotball, samtidig som vi ønsker å utvikle og forbetre breidda i klubben. En vanskeleg øving, understrekar dei på sine nettsider før dei held fram:

– Men det blir betydeleg lettare med gode samarbeidspartnarar. Vi setter derfor umåteleg pris på langsiktige avtaler, slik som denne som nå er inngått med SFE, skriv dei.

Stolt og kry

Florø Fotball skriv på sine heimesider at dei har fem nivå av sponsing. På topp med høgast stønad er generalpartnarane Sparebanken Sogn og Fjordane og INC. Neste nivå er platinapartnarar, og det er her SFE går inn i rekke og sluttar seg til Fjord1, Slakteriet, Bistro to kokker, Nor Tekstil, Service System, Svanøy Havbruk, Enivest, Westcon og Firdaposten. Etter følger gullpartnarar, Lakselauget og Stolt & Kry.

Artikkeltags