Mann tilstod sal og oppbevaring av narkotika. Må sone 45 dagar bak lås og slå.

Rettsak.

Rettsak. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sunnfjordingen skal ha oppbevart heile 230 gram hasjisj.

DEL

Hausten 2017 vart ein mann frå Flora sikta for å ha selt, oppbevart og nytta narkotika. Mannen tilstod alt i retten, der det vart klart at han handla med viten og vilje.

At han tilstod førte til ei lågare fengselsstraff enn det som påtalemyndigheita først foreslo.

Sikta etter tre paragrafar

Mannen var sikta etter tre paragrafar. Den første var Straffelova paragraf 231 for å sal av narkotika. Mannen skal ha selt 10 gram hasjisj hausten 2017. I tillegg skal mannen ha oppbevart 230 gram hasjisj. Dette vart beslaglagt den 3. september i fjor.

Medan marijuana er eit tørka planteprodukt, er hasjisj eit raffinert og sterkare produkt av den same planten. Desse substansane inneheld stoffet delta-9-tetrahydrocannabinol (THC) og det er det stoffet som gjer ein rusa.

Vedkommande var og sikta etter Legemiddellova paragraf 31 og paragraf 24, for å sjølv ha hatt THC i kroppen då politiet arresterte han den 3. september 2017. Sistnemnde gir vanlegvis ei mildare straff, men på grunn av sal og oppbevaring av narkotiske hasjisj, kan det føre til ein strengare dom.

Mannen har ingen tidlegare narkotikadommar på seg, men vart dømt til 15 dagars fengsel i 2012. Den gongen for å gje politiet ei uriktig forklaring.

Straffa vart på 45 dagar

Lagmannsretten la først til grunn ei straffeutmåling på 60 dagar. Andre har tidlegare blitt dømt til 60 dagar i fengsel for å oppbevare liknande mengde marijuana.

Men sidan marijuana er eit svakare narkotikum, meinte retten i utgangspunktet at straffa for 230 gram hasjisj måtte ligge høgare. Difor foreslo dei 75 dagar ubetinga fengselsstraff.

Det var både påtalemyndigheita og forsvararen einige om.

Når dommen skulle utmålast vart derimot andre forhold tatt med i vurderinga. Under etterforskinga og i retten tilstod den sikta mannen handlingane sine og forklare seg fritt. Slik bidrog han til å oppklare saka. Dessutan tok det heile 11 månader frå mannen vart sikta til saka hamna i retten. Difor meinte Lagmannsretten at dommen vart for streng, og til slutt vart mannen straffa med 45 dagar i fengsel.

Artikkeltags