Sjå kven som fekk spelemidlar

I Sogn og Fjordane fekk over 370 lag og foreiningar til saman 84 millionar kroner i spelemidlar i 2018.

DEL

Det kjem fram i ein pressemelding frå Norsk Tipping.

Kvart år gir Norsk Tipping overskotet sitt som spelemidlar til ei rekke formål.

– Pengane dei to millionar kundane våre legg igjen hos Norsk Tipping bygger ikkje formuar for investorar eller eigarar. Dei bygger god beredskap, rike opplevingar og betre folkehelse. Dei bygger aktive born, omsorg for sjuke og meiningsfulle fritidsaktivitetar, seier Åsne Havnelid, administrerande direktør i Norsk Tipping i pressemeldinga.

Overskotet frå Norsk Tipping går i sin heilskap til spelemidlane, som disponerast av Kulturdepartementet. Spelemidlane som vart fortelt i 2018 kom frå overskotet i kalenderåret 2017.

 

Artikkeltags