Desse vegane er stengde

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra nordover, E39.

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra nordover, E39.

Etter ein kveld og ei natt med fleire jordras og store flaumar er fleire vegar i fylket stengt, inkludert vegen på begge sider av Jølstravatnet.

DEL

FIRDA: Etter ei hektisk natt melder Statens Vegvesen at ingen av vegane som er ramma av ras og flaum er opna. Desse vegane er stengt i Sogn og Fjordane:

  • E39 Skei – Førde er stengd på grunn av fleire ras og flaum
  • Fv 45, sørsida av Jølstravatnet ved Marteslåttane er stengt på grunn av 80 meter breitt jordras
  • Fv 13 ved Holsen Skule er stengt på grunn av ras
  • Fv 691 ved Tverrelva bru mellom Hyen og Ommedal. Brua er skylt vekk av vassmassane.
  • Fv 615 Skarpsvoratunnelen i Hyen er stengt på grunn av flaum
  • Fv 610 ved Eldalsosen var stengt på grunn av fare for ras. Klokka 09.15 melder vegvesenet at vegen er opna att.
  • Fv 13 Dragsvik – Eldalsosen er stengt på grunn av fare for ras
  • Fylkesveg 609 var stengd ved Heilevang mellom Førde og Askvoll, men opna att klokka 08.30.

På vegen mellom Skei og Førde har det gått fleire ras. Fleire av rasa har gått langst Jølstravatnet, så der kjem ein ingen veg. I tillegg er det gått eit ras i Movika, så dei som bur ovanfor Movika kjem seg ikkje til Førde.

Klokka 12 varsla Statens vegvesen om at E39 ikkje vil opne i dag ettersom det er for mykje ras og rasfare.

Alle bussrutene mellom Førde og Skei er innstilt. Det same er rutene via eller til Hyen skriv Kringom.

Rute VY170 Førde Oslo køyrer rutene via Vadheim, informerer Kringom.

Tom Hansen, trafikkoperatør i Statens Vegvesen, fortel at omkøyring for å kome seg nordover er tråklete.

– Skal du nordover må du køyre om Fv 55, og ta ferja frå Dragsvik til Hella. Deretter køyrer du inn til Stedje, og tek Europaveg 5 innover mot Fjærland. Så må ein følge E5 til Skei, der ein kan køyre inn på E39.

Denne omkøyringa tek tre timar og tretti minutt.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre og ein halv time.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre og ein halv time. Foto:

Artikkeltags