Frederik Mohn har kjøpt Fjord1-aksjar for 360 millionar

Frederik Mohn

Frederik Mohn Foto:

Investoren, som nyleg trekte seg frå styret, aukar eigardelen i ferjeselskapet kraftig.

DEL

Det skriv E24 tysdag.

Milliardæren frå Bergen har kjøpt åtte millionar aksjar til 45 kroner stykket, gjennom investeringsselskapet Perestroika AS. Summert opp er kjøpet på 360 millionar kroner i aksjar.

No kontrollerer Mohn rundt 18,46 prosent av dei uteståande aksjane. Før hadde han 10,4 millionar aksjar, ca. 10,36 prosent av totalen.

I desember i fjor trekte Frederik Wilhelm Mohn seg frå styret, dagen etter at Havila kjøpte aksjar for 676 millionar kroner i selskapet og tok over kontrollen.

Havila har ifølgje E24 mål om å utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, og truleg slå det saman med Havila Kystruten.

Havila er eigd av Sævik-familien, som mellom anna eig Havyard Leirvik.

To i styret trekte seg i protest før jul – Fjord1 henta inn nye i ekstraordinært møte

Havyard legg ikkje fram kvartalsrekneskap

Havyard Leirvik må sette vekk bygging av eit heilt skip

Havyard etablerer nytt selskap for å sikre Leirvik-verftet

Artikkeltags