Utlending i 20-åra funnen død etter leiteaksjon

Av
DEL

Politiet sette like før klokka halv åtte søndag kveld i gang ein redningsaksjon etter ein mann i Fjaler.

No er turgåaren funnen omkomen, etter ein leiteaksjon der helikopter, Røde Kors og Norske Redningshundar deltok.

Det skal vere snakk om ei ulukke, og det er ikkje mistanke om noko kriminelt.

Mannen skal ha gått på tur frå Yndestad camping i retning Høgevarden søndag føremiddag. Klokka to sende mannen ein sms til ein kamerat om at han skulle vere nede igjen om rundt ein halvtime, opplyser opersjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Politiet fekk melding om at mannen var sakna klokka 18.08.

Artikkeltags