Miniubåt og frivillige held fram med søket i Dalsfjorden

MINIUBÅT: Sidan fredag har det blitt søkt med ROV-ubåt etter den sakna mannen i Dalsfjorden.

MINIUBÅT: Sidan fredag har det blitt søkt med ROV-ubåt etter den sakna mannen i Dalsfjorden. Foto:

Av

Leiteaksjonen har så langt vore utan funn.

DEL

46-åringen som fall ut av båten i Dalsfjorden på torsdag, er framleis ikkje funnen.

FIRDA: Øystein Russenes, politiets innsatsleiar, opplyser til Firda at leitinga held fram måndag.

– Vi har eit stort søk ute i dag, med tolv båtar og rundt 40 frivillige.

Frivillige både frå Dale og Leikanger deltar i søket. Ifølge Russenes er eit betydeleg tal av desse tilreisande som har overnatta i Dale, skriv Firda.

Undersøker eit betydeleg område

Sidan fredag har det blitt søkt med ROV-ubåt, som er ein fjernstyrt undervassbåt.

– ROV skal søke i heile dag. Vi prioriterer søket i eit område som er aktuelt med tanke på dei opplysningane vi har i saka, fortel Russenes.

Ut frå mellom anna vitneobservasjonar, vêr- og straumforhold, har politiet laga seg eit søkeområde som ROV-ubåten skal dekke.

– Det er eit veldig, veldig avgrensa område den søker i. Den søker veldig grundig, og dekker heile havbotnen i det bestemte området. Det seier seg sjølv at det tar tid.

Om lag 30 frå Leikanger har komme for å bidra i søket etter sakna familiefar 

Miniubåten dekker med andre ord eit mindre område i Dalsfjorden. Dei frivillige dekker eit lang større.

– Dei frivillige gjer strandsøk på begge sider av fjorden, langs øya og holmen. Det er snakk om eit betydeleg område rundt ulykkesstaden.

Nye vurderingar kvar dag

Ifølge Russenes opplyser dei frivillige om greie leiteforhold, men at det ikkje er ideelt at det er vind.

Han kan ikkje fortelje kor lenge leitinga kjem til å halde fram, eller kva planane framover er.

– Det blir gjort vurderingar fleire gongar om dagen om kvar det er viktig at vi brukar ressursane vi har.

Håpar gode søkeforhold skal gi funn av sakna person 

HELD FRAM: Politiets innsatsleiar, Øystein Russenes, opplyser til Firda at dei måndag har eit stort søk ute.

HELD FRAM: Politiets innsatsleiar, Øystein Russenes, opplyser til Firda at dei måndag har eit stort søk ute. Foto:

Artikkeltags