No er det slått fast ein gong for alle: Septiktanken er ikkje eit lasterom

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det har nemlig vore ulike praktisering hos Fiskeridirektoratets regionkontor på kva som blir rekna som lasterom og ikkje hos kystfartøy når grensa på 500 kubikk skal bereknast. Tidlegare har både vasstankar og septiktankar blitt tekne med i berekninga av lasterom.

Fiskebåt bad om ei presisering av dette regelverket nettopp av den grunn. No har den komme frå Nærings- og fiskeridepartementet: Berre lasterom som kan nyttast til føring av fangst skal reknast inn i avgrensinga på 500 kubikk.

- Dette er ei viktig avklaring for næringa, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt, og begrunnar det med likebehandling.

- Det er dessutan positivt for miljøet, for kvalitet og heilårige leveransar til norsk sjømatindustri, legg han til i pressemeldinga.

- Dette gir fiskarane større fridom til å utforme båtane sine sånn dei meinar det er hensiktsmessig, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Artikkeltags