Staten overfører 99 fiskerihamner til Vestland - men det følgjer ikkje pengar med

F.v.: Jostein Fjærestad (Vestland), Kristian Thowsen (Viken), Gro Bråten (Aust-Agder), Jan Sivert Jøsendal (Vestfold og Telemark), Terje Damman (Vest-Agder), Rune Hogsnes (Vestfold), Solveig Ege Tengesdal (Rogaland) og kystdirektør Einar Vik Arset.

F.v.: Jostein Fjærestad (Vestland), Kristian Thowsen (Viken), Gro Bråten (Aust-Agder), Jan Sivert Jøsendal (Vestfold og Telemark), Terje Damman (Vest-Agder), Rune Hogsnes (Vestfold), Solveig Ege Tengesdal (Rogaland) og kystdirektør Einar Vik Arset. Foto:

– Med gode kaier og hamneanlegg skal vi legge til rette for fiskerinæringa, seier direktør for næring i nye Vestland fylkeskommune, Bård Sandal.

DEL

Frå årsskiftet blir dei 99 statlege fiskerihamnene i dei to vestlandsfylka overført frå Kystverket til Vestland fylkeskommune. 46 ligg i Hordaland og 53 i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal eige og vedlikehalde hamnene, mens drifta skal kommunane stort sett ta seg av.

Store miljø i Måløy, Florø og Bremanger

– Her får vi ein nye arena der vi, saman med fiskerinæringa, skal legge til rette for infrastruktur for næringa. Saman med Nordland, Troms og Finnmark blir vi dei største fiskerifylka i landet. Vi har store miljø, spesielt i Sunnhordland, Måløy, Florø og Bremanger, seier påtroppande direktør for innovasjon og næringsutvikling, Bård Sandal.

Det har alt vore fleire møte mellom fylkeskommunen og kommunane om utvikling av fiskerihamnene.

– Kommunane er opptekne av å legge til rette for fiskeria som viktig næring og av at foredling av fisken skal gjerast på land. I dag foredlar og pakkar store fabrikktrålarar fisken om bord og køyrer rett til hamn i EU og leverer. Vi vil heller ha arbeid knytt til foredling på land for å oppretthalde busettinga. Til det må vi ha gode kaier og hamneanlegg, seier Sandal.

Dei 99 fiskerihamnene blir lagde inn i porteføljen til eigedomsavdelinga i den nye Vestland fylkeskommune.

– Dette er eit nytt fagområde for oss der vi ikkje har så stor kompetanse. Det blir ei utfordring å få på plass godt vedlikehald av fiskerihamnene, seier påtroppande eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.

Etterslepet på vedlikehald av dei 99 fiskerihamnene er kalkulert til meir enn 50 millionar kroner. Det følgjer ikkje pengar med overtakinga frå staten, men Stortinget har vedteke at rammeoverføringane frå staten skal aukast. Dei blir ikkje øyremerka. Ein fagansvarleg for hamneanlegga skal tilsettast i den nye fylkeskommunen.

– Eit solid fundament

Avtalen om overføring av fiskerihamnene vart underteikna under Arendalsveka. Den er ein del av arbeidet med å overføre oppgåver frå staten til fylkeskommunane, vedteke av Stortinget.

– Hamneportefølja til staten er eit solid fundament som fylka kan byggje vidare på i utvikling av næring og samfunn framover, meiner kystdirektøren.

Avtaler med dei resterande fylka skal etter planen bli inngått i oktober og november. Samstundes med overføringa gjennomfører Kystverket kompetanseoverføring til fylka slik at fylka skal kjenne seg tryggje i rolla som utviklar og forvaltar av hamneinfrastruktur.

Ein del av dei statlege fiskerihamnene er ikkje lenger i bruk av fiskerinæringa. Kystverket skal søke å avhende desse hamnene før regionreforma trer i kraft. Ein del hamner vil difor bli selde til kommunar, foreiningar eller private aktørar i løpet av 2019.

Artikkeltags