280.000 laks har rømt fra norske oppdrettsanlegg

Frøya  20181015.
Laks i mærer hos SalMar på Frøya i Midt-Norge (Sør-Trøndelag).
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Frøya 20181015. Laks i mærer hos SalMar på Frøya i Midt-Norge (Sør-Trøndelag). Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

Hittil i år er det registrert fleire lakserømningar enn i dei to førre åra til saman.

I midten av september hadde Fiskeridirektoratet motteke 33 rapportar om rømningar frå oppdrettarar på om lag 280.000 laks og 2.000 regnbogeørret, ifølge Sysla.

2017 representerte eit botnår med rekordlåge 22.409 rømningar frå norske oppdrettsanlegg. Dei to siste åra har talet likevel auka kraftig.

I 2018 blei det registrert over 160.000 lakserømningar. Hittil i 2019 er det rømt meir laks enn dei to førre åra til saman, viser tal frå Fiskeridirektoratet.

Dei siste månadene har det kome fleire meldingar om store mengder laks som har rømt frå anlegg.

I juli rømte over 203.000 fisk frå Fjordsmolts settefiskanlegg Hellaren i Troms. Same månad rømte om lag 50.000 laks frå eit anlegg i Tosenfjorden. Nyleg forsvann over 17.200 fisk frå Slakteriet Brekke i Gulen, og måndag tok Fiskeridirektoratet imot nye meldingar om rømming frå Mowi-lokalitetane Voldnes og Rønstad på Sunnmøre.

Fredag skal fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik møte næringa for å diskutere korleis ein kan få ned talet på lakserømningar.

(©NTB)

Artikkeltags