Halvparten av alle eldre ønsker tips og hjelp til nettbruk - no blir det lansert nasjonalt kurs

Arkivbilde frå eit nettkurs på Keipenstova i Svelgen.

Arkivbilde frå eit nettkurs på Keipenstova i Svelgen. Foto:

To av fem seniorar er uroa for ikkje å henge med i den teknologiske utviklinga.

DEL

Denne veka lanserte samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde eit gratis opplæringskurs for seniorar. Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) står bak.

Ifølge ei representativ undersøking NorSIS har gjennomført blant eldre over 67 år, er heile to av fem uroa for at de ikkje skal greie å henge med i den teknologiske utviklinga. Like mange er redde for konsekvensane dersom dei gjer feil på nettet.

Avgjerande at dei blir trygge

Halvparten av dei spurde ønsker at det skal vere lett å finne tips og hjelp for å kunne bruke internett sikkert.

– Det er eit spesielt stort behov for å bygge digital kompetanse i dei gruppene som ikkje får den strukturerte opplæringa som i dag gjerne skjer i arbeidslivet. Det gjeld dei yngste gruppene og seniorane. Difor er NorSIS veldig nøgde med å kunne tilby eit gratis og lett tilgjengeleg kurs for dei eldre nettbrukerne. Gjennomfører dei kurset, vil dei mest sannsynleg bli tryggare på nett, seier administrerende direktør i NorSIS, Peggy Heie.

Opplæringskurset "Sikkerheit for seniorar" er utvikla i samarbeid med Seniornett, ein frivillig medlemsorganisasjon som i meir enn 20 år har jobba for å inkludere seniorane i den digitale kvardagen.

– I ei tid der stadig fleire offentlege og private tenester blir heildigitale, er det avgjarande at denne generasjonen kjenner seg trygge på nett. Vi veit at dei aller fleste seniorar brukar nett, men dei har ikkje vakse opp med teknologien. Dei manglar ofte den digitale kompetansen mange i dag får i arbeidslivet.

97 prosent brukar nettet dagleg

Ifølge NorSIS-undersøkinga brukar 97 prosent av dei spurde over 67 år internett dagleg. Klart vanlegast er det å bruke nettet til å sjekke e-post og logge på Facebook (75 prosent).

Opplæringskurset består av seks leksjonar som kvar tek 5–10 minutt å gjennomføre. Dei tar for seg tema som sikker bruk av e-post, sosiale medier, banktenester på nett og brukarkontoar. Nye leksjonar blir fortløpende lagde til, og eksisterande tema blir oppdaterte ved behov.

– Vi har saman med Seniornett forsøkt å lage eit kurs som blir opplevd som relevant for seniorane. Leksjonene kan takast samla eller kvar for seg. Vi anbefaler alle eldre å ta kurset. Det er vel verdt å investere nokre minuttar for å bli til ein tryggare internettbrukar, seier administrerende direktør Peggy Heie i NorSIS.

Artikkeltags