I år vil sjømateksporten passere 100 milliardar for første gong

Foto:

SJØMAT: Så langt i år har 1,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 76,2 milliardar passert landegrensene.

DEL

Det er ein nedgang i volum på 7 prosent, og ein verdiauke på 8 prosent eller 5,5 milliarder kroner målt mot same periode i fjor.

Svak krone bidreg

– Alle dei viktigaste sjømatartane viser vekst i eksportverdien i 2019. Størst vekst har laks med ein auke på tre milliardar kroner, eller seks prosent. Globalt er det framleis stor etterspurnadssvekst etter norsk laks. Nest størst vekst er det makrell som har, med ein auke på 604 millionar kroner eller 49 prosent samanlikna med same periode i fjor. Ei svak norsk krone er framleis ein viktig bidragsytar til den totale verdiauken, seier Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Norges sjømatråd.

Så langt i år har Norge eksportert 806 000 tonn laks til ein verdi av 52,3 milliardar kroner. Det er altså ein volumauke på seks prosent, og verdien har også auka med seks prosent, eller 3,1 milliardar kroner sett mot same periode i fjor. Hittil i år er det Polen, Frankrike og Danmark som har kjøpt mest laks fra Norge.

Vidare har også eksporten av ørret gått opp både i volum og verdi. For fersk torsk har derimot både volum og verdi gått ned, med høvesvis 23 og sju prosent. Her er årsaka lågare kvoter. Til gjengjeld har det gått meir frosen torsk; volumet har auka med fire prosent, medan verdien har gått opp 19 prosent.

Makrellen går mest opp i pris

Klippfiskeksporten har hatt ein sterk verdiauke - dei 64.000 tonna Norge har eksportert i år, er omlag same mengd som i fjor, men verdien har auka med åtte prosent, eller 249 millionar kroner frå same periode i fjor. Det er hovudsakleg klippfisk av torsk som utgjer dei auka prisane, men også klippfisk av sei bidreg med høgare prisar.

Både sild og makrell har hatt god verdivekst - spesielt makrell. Her har volumet auka med 14 prosent, medan verdien har auka med heile 49 prosent - 604 millionar kroner. Her spelar forventningane om ein redusert fangst i år inn, og førte til auka prisar allereie i fjor haust.

Også kongekrabbeeksporten har auka. Så langt i år har det gått ut 1600 tonn kongekrabbe til ein pris av 510 millionar kroner. Her har verdien auka med 16 prosent, 71 millionar kroner, medan volumauken har vore på seks prosent.

Artikkeltags