Forventar å opne E39 Førde-Skei med leiebil i ettermiddag

Av
DEL

Vegtrafikksentralen vest melder klokka 14.07 at E39 Førde – Skei blir forventa opna for styrt trafikkavvikling med leiebil frå 17.00, skriv firda.no.

På strekninga Moskog - Grimsbøen blir det nattestengt klokka 23.00 - 06.00, for å utføre ryddingsarbeid. Naudetatar får passere i dette tidsrommet.

Tidlegare torsdag føremiddag fortalde avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, om at vegen ved Grimsbø var stengt. Då skulle dei sette opp rekkverk og anna sikringsmateriell, før dei opna vegen for kolonnekøyring.

– Dei fleste stadane er vegen rydda, men fordi E39 er så tungt trafikert, er vi nøydde å få på plass sikring før vi kan la folk passere. Den næraste tida blir det kolonnekøyring på dei aktuelle stadane.

E39 var tidleg torsdag opna att ved Movika, så dei som bur nedanfor Grimsbø kunne kome seg til Førde.

Artikkeltags