Tunnel på E39 var stengt grunna røykutvikling. No er den open

DEL

(Firda) Skrikebergtunnelen, som ligg om lag 2 km sør for Oppedal ferjekai på E39 i retning Bergen, er stengt for trafikk, melder politiet på Twitter.

Det står ein bil fast i tunnelen, og det kjem røyk frå bilen, er det som så langt er meldt. Naudetatane rykker ut.

Det er ein del oljesøl i vegen, og entreprenør er på veg for å rydde opp, melder Vegtrafikksentralen.

Trafikken blir har den siste timen vore dirigert manuelt. Det er ein del oljesøl, men ikkje så mykje røyk på staden.

Klokka 15.05 opplyste Vegtrafikksentralen Vest at entreprenør er framme på staden og har starta oppryddingsarbeidet. Tunnelen vil vere stengt til arbeidet er ferdig.

Klokka 15.12 informerte Vegtrafikksentralen Vest at arbeidet var ferdig og det no er fri ferdsel gjennom Skrikebergtunnelen.

Artikkeltags