Har du brannteppet klart til du skal lage smoltringar? Ikkje stol på det.

Det sikraste ein kan bruke for å kvele ein brann i ei feittgryte, er grytelokket.

Det sikraste ein kan bruke for å kvele ein brann i ei feittgryte, er grytelokket. Foto:

Det er nemlig berre ein ting som hjelp om det tek fyr når du lagar mat med olje eller smolt.

DEL

Testar viser at dei høge temperaturane som oppstår når vi friterer, gjer at flammane slå rett gjennom eit brannteppe. Eit slikt teppe har elles vore anbefalt tryggleiksutstyr for sløkking av frityrbrannar. I 2017 byrja 58 prosent av alle brannar på kjøkkenet.

Fagsjef ved If Sikkerhetssenter, Terje Hagelund, strekar under at brannteppe eignar seg godt til å sløkke små branntilløp på eit tidleg stadium, som ein PC eller adventsdekorasjon som tek fyr. Det sløkker også raskt brann i hår og klede.

Ved juletider i fjor publiserte Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap (DSB) ein test av seks ulike branntepper. Testen hadde nedslåande resultat. Her blei brann i frityrgryte berre sløkt i fire av 18 forsøk.

– Sjølvantenner olje på komfyren - før eit grytelokk forsiktig over kjelen for å hindre lufttilførsle og dra deretter gryta av plata. Slå plata av. Ikkje ta av lokket igjen før du er sikker på at temperaturen har seinka seg til trygt nivå, elles vil flammane berre blusse opp igjen, seier Hagelund.

Han åtvarer også mot å prøve å sløkke slike brannar med vatn - noko som berre gjer vondt verre.

– Du vil få ei høg flammesøyle som slår rett opp i kjøkkenvifta di, og då kan brannen spreie seg raskt!

Overordna gjeld det at ein aldri forlet komfyren når ein lagar mat med olje eller smolt. Å tilberede mat ved fritering blir meir og meir vanleg, difor er det viktig å vite kva ein skal gjere dersom det skulle byrje å brenne.

Dette gjer du ved brann i feittgryte

Forlat aldri komfyren.

Sjølvantenner olje på komfyren, før eit grytelokk forsiktig over kjelen for å hindre lufttilførsle. Obs! Bruk aldri vatn!

Dra kjelen av kokeplata.

Skru av plata.

Ikkje ta av lokket på kjelen før du er sikker på at temperaturen har seinka seg til trygt nivå, elles vil flammene berre blusse opp igjen.

Artikkeltags