Uvanleg mange drukningsulykker i juli: Pass på kvarandre!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: Ein varm og lang sommar har ført til ekstremt høg aktivitet ute på sjøen. Så langt i år har Redningsselskapet vore ute på 442 fleire oppdrag enn i fjor.

DEL

Fleire av oppdraga har vore drukningsulykker, som det har vore uvanleg mange av så langt i år.

Dei seks første månadene i år omkom 52 personar på grunn av drukning, mot 38 i same perioden i fjor.

Tala for juli er enno ikkje klare, men med 12 stadfesta dødsfall, var juli 2017 passert allereie den 20. denne månaden i år. Sidan då har NTB omtalt minst to dødsfall i samband med drukning.

– Vi har ikkje den endelege statistikken klar, men vi kan allereie slå fast at det er uvanleg mange drukningar i juli i år, seier pressevakt Lars Mosby Enger hos Redningsselskapet til NTB.

– Lite hyggeleg

Mannskapet på redningsskipet Klaveness Marine, som i tillegg til skipsførar Pål Abrahamsen består av maskinist Nikolai Frisk og styrmann Håvard Karlsen, er blant dei første til staden når det skjer alvorlege ulykker i Indre Oslofjord.

Av og til lykkast dei i å redde folk opp av sjøen og gi livreddande førstehjelp i tide. Andre gonger viser det seg at liva deira ikkje står til å redde. Abrahamsen fortel at han og resten av mannskapet har vore med på fleire oppdrag i samband med drukningsulykker i år.

– Det har vore veldig mykje drukning, mykje av det frå land i samband med bading. Det er lite hyggeleg, men dessverre ein del av jobben, det òg, seier båtføraren, som til liks med dei to andre i mannskapet òg er topptrente redningsmann.

– Det er fantastisk flott at folk koser seg i sommarsola, men det er veldig, veldig ille når folk druknar. Dette viser berre at det er veldig viktig å passe på kvarandre og følge med på dei som badar, seier Abrahamsen.

To har mista livet i båtulykker i fylket i år. No skal ulykkene undersøkast nærare 

– Ekstremt

I sommar har det vore uvanleg varmt over heile landet, og mykje av forklaringa bak dei høge druknings- og oppdragstala er kort og godt at fleire nyttar seg av sjøen.

Abrahamsen kan ikkje hugse å ha sett fleire båtar ute i Indre Oslofjord enn i år.

– Med så mange veker samanhengande med fint vêr har vi sett ein aktivitet som aldri før med ekstremt mykje båtar. Sjølvsagt kjem det òg hendingar deretter, seier han.

I juli har Klaveness Marine vore ute på heile 130 redningsoppdrag. Som regel dreier det seg om motorstopp, slep, teknisk hjelp og dykking for å få laus tau på propell og liknande.

Dei meir alvorlege hendingane er sjeldnare, og folk ter seg stort sett bra ute på sjøen, meiner Abrahamsen.

– Dei fleste er veldig flinke, men det er sjølvsagt ein og annan som bryt femknopsgrensa og passerer båtar i altfor høg fart, seier han og legg til at det dessverre òg framleis er ein del som kombinerer alkohol og båtkøyring på sommarkveldane.

Støttar vass-scooter-krav

Det er òg utfordrande at stadig fleire skaffar seg vass-scooterar, meiner redningsarbeidaren.

– Berre dei siste dagane har det vore to alvorlege ulykker. Det er framleis svært få vass-scooterar i høve til fritidsbåtar, men dei er ei klart utsett gruppe, seier Abrahamsen.

Som fleire av kollegaene sine i Redningsselskapet etterlyser han krav om eit eige høgfartssertifikat, som òg må omfatte vass-scooterar.

– Vi har sett eksempel på er at ein del av ulykkene er knytt til høg fart, mørke og dessverre alkohol. No er det reglar for alkohol på sjøen, men kompetansekravet heng etter, seier Abrahamsen.

Redningsselskapet-skipper vil ha førarkort for vasscooter 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken