– I Sogn og Fjordane si historie er han ein av dei verkeleg markerte. Han er av dei vi kallar ein bauta, fastslår Arve Helle, mangeårig ordførarkollega og i dag organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti til Firda.

– Mowatt var ordførar i Hyllestad i tolv år, sat i fylkestinget åtte, tok tunge poliske verv og har vore veldig profilert. Det er ein av dei store i partiet som no har gått bort, seier Helle.

Han karakteriserer Mowatt som eit politisk dyr som levde og ånda for politikk og samfunnsengasjement.

Skvær og real

– Han er ein av dei eg har hatt dei mest gjevande, men også dei tøffaste diskusjonane med. Vi var slett ikkje einige i alt, men han var skvær og real. Vi kunne ha tøffe tak, og så gjekk vi vidare som gode venner etterpå, minnest Helle.

Han legg ikkje skjul på at Mowatt var eit menneske og politikar som han hadde stor sans for.

– Mowatt skygde ikkje bana. Om han kan ein i alle fall ikkje bruke ordet populist, fastslår Helle.

Han meiner Mowatt var etla for endå større oppgåver, om han sjølv hadde ønskt slike.

– Han var slagferdig og hadde ordet i si makt, og var ein meister i debattar og på talarstolar, seier Helle. Han minnest ein TV-debatt i Oslo der Mowatt diskuterte med byrådsleiar Erling Lae og fleire rikspolitikarar.

– Der kom ein landsens ordførar frå ein kommune som ingen hadde høyrt om, og parkerte dei alle, seier Helle.

Eit tap for partiet

Harry Mowatt har sett djupe spor etter seg, og bortgangen hans er eit tap for Arbeidarpartiet, meiner han.

Mowatt blei fødd i Dalsbygda i Hyllestad i 1949. Han var distriktsarbeidssjef i Florø i 1985-1989, personalsjef i Skaarfish 1989–1992 og trygdesjef i Hyllestad 1992–1995.

Mowatt var medlem av Flora bystyre i 15 år, og sat seks år i formannskapet. Frå 1995 til 2007 var han ordførar i Hyllestad.

Han sat i fylkestinget og fylkesutvalet frå 2003 til 2011.

Har har også mellom anna leia styret i Sunnfjord Energi, vore nestleiar i styret for Fjord 1, Fylkesbaatane, og medlem i fylkeslandbruksstyret. Mange vil ikkje minst hugse han som styremedlem i Helse Førde, der han sat i ei årrekke, heilt fram til han vart sjuk for få månadar sidan.