Pantesatsen er heva for første gong på 25 år

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Frå måndag av er alle pantemaskiner justerte opp frå ei til to kroner for små flasker. For dei store stig panten frå 2,50 til 3 kroner.

86 prosent av alle flasker og boksar i Norge blir panta, men målet med å auke panten er å få inn enno meir tomgods. Det aller meste tomgodset som blir panta, kjem frå heimane til folk. Men mange drikk også brus og energidrikkar på farten, og der er det mange som kastar flaskene og boksane. Her håpar Infinitum, som driftar den norske panteordninga at dei skal få tak i fleire. Ein del kommunar har starta med ringar og haldarar på søppelkassane slik at folk kan sette dei frå seg til andre som vil løyse inn panten.

Dersom du leverer flasker som er merka med den gamle pantesatsen, får du betale i høve denne.

Artikkeltags