Veit du at du kan risikere fengsel i eitt år for ikkje å avverje lovbrot?

Ei undersøking frå 2018 viser at 74 prosent av befolkninga ikkje kjenner veit at dei kan ha plikt til å avverje ei rekkje alvorlege lovbrot.

Ei undersøking frå 2018 viser at 74 prosent av befolkninga ikkje kjenner veit at dei kan ha plikt til å avverje ei rekkje alvorlege lovbrot. Foto:

SAMFUNN: Dei fleste av oss kjenner ikkje til at vi kan ha plikt til å avverje ei rekkje alvorlege lovbrot.

DEL

Men kunnskap om plikta til å avverje vald og overgrep kan redde liv og helse. Justis- og beredskapsdepartementet vil gjere noko med den manglande kunnskapen, og denne uken lanserer dei difor nettsida plikt.no som del av ein kampanje for å bevisstgjere om avvergingsplikta. Justisministeren Jøran Kallmyr seier:

– Vi har alle ei plikt til å søke å avverje alvorlege lovbrot som vi veit vil skje, eller som sannsynlegvis vil kunne skje.

Avvergingsplikta gjeld oss alle, men kan være særleg aktuell for helsepersonell og tilsette i skule og barnehage.

På nettsida finn du informasjon om avvergingsplikta og når den gjeld.

Det er dinveiut.no ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress som står bak kampanjen.

Det er ei undersøking frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i 2018 som viser at 74 prosent av befolkninga ikkje kjenner til avvergingsplikta.

Artikkeltags