Mann miste livet i brann

SOGNDAL: Brann i bustadblokk nær sentrum.

DEL

Klokka halv fire natt til søndag fekk politiet meldinga om at det brann i ei bustadblokk på Ulvahaugen i Sogndal. Husværet det brann i, ligg i andre etasje av bygningen.

Alle naudetatar rykte ut til brannen. Røykdykkarar tok seg inn i husværet der det brann, og fann ein omkommen mann. Politiet har bekrefta at det var den 70 år gamle mannen som budde i husværet.

Det var kraftig røykutvikling, og alle som bur i blokka vart evakuerte - totalt 18 personar. Dei vil førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

Artikkeltags