Etterlyser vitne, båtar og bilde

I tillegg etterlyste politiet torsdag dei to båtane som visast på bilde i denne saka,  i samband med brannen på Rota. Fredag opplyser tenestadsleiar Wenke Hope at personane på bildet melde seg til politiet og er sjekka ut av saka.

I tillegg etterlyste politiet torsdag dei to båtane som visast på bilde i denne saka,  i samband med brannen på Rota. Fredag opplyser tenestadsleiar Wenke Hope at personane på bildet melde seg til politiet og er sjekka ut av saka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Då vil politiet ha kontakt med deg.

DEL

Tenestadsleiar ved Flora politistasjon, Wenke Hope, gjekk torsdag ut med ei rekke etterlysingar som følge av brannen på Rota tysdag kveld.

– Det var ei rekke personar i området både før og under brannen. Desse ønskjer vi å komme i kontakt med, då særleg dei som var i ein båt på nord- og austsida av Rota tysdag kveld, seier Hope.

Akkurat kor lang den aktuelle båten er, kan ikkje politiet stadfeste. Dei to vitna som observerte båten var usamde om den faktiske lengda, og politiet etterlyser difor ein grå båt på mellom 15 til 23 fot. Båten skal ha vore i området i tidsrommet mellom ti på sju og åtte på kveldstid.

Politiet observerte båt

I tillegg etterlyste politiet torsdag dei to båtane som visast på bilde i denne saka,  i samband med brannen på Rota. Fredag opplyser tenestadsleiar Wenke Hope at personane på bildet melde seg til politiet og er sjekka ut av saka.

Vil sikre video

– Dessutan ønskjer vi at dei som har bilde og video frå brannen tek kontakt med oss, slik at vi kan få sikra desse. Naturlegvis er bilde og video tatt så tidleg som mogleg av interesse.

Onsdag var branntomta framleis for varm til at politiet kunne byrje etterforskinga. Torsdag derimot var dei på plass for å sikre bevis.

– Vi var på Rota torsdag utan at det har gitt ei openberr løysing enno. Vi hadde med utstyr for å sikre materiale på ulykkesstaden, seier Hope.

Kva som er årsaka for brannen kan politiet ikkje stadfeste så tidleg i etterforskinga.

Artikkeltags