Seglbåt tok fyr ved Askrova – ein person redda ut

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 04.38 fekk politiet melding om brann i ein seglbåt vest for Gulholmen, like ved Askrova. Naudetatane og hovudredningssentralen rykte ut.

Det var ein mann åleine om bord i den 38-fots lange seglbåten, Han hadde gått over i redningsflåten då etatane kom fram og han vart deretter flydd til Florø av redningshelikopteret.

- Brannvesenet jobba med å sløkke flammane fram til klokka 06.10, då båten gjekk ned, seier vaktleiar ved alarmsentralen i Florø, Jan Gunnar Holvik.

Brannvesenet var ved Gulholmen med fire brannmannskap.

Artikkeltags