Skulle berre lage mat – då fekk dei brannvesenet på døra

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag formiddag rykte Flora brannvesen ut til ein alarm i Skipardalen i Florø.

DEL

Etter ein travel tysdagskveld fekk brannvesenet eit nytt oppdrag onsdag føremiddag. Då skulle bebuarane i ei leilegheit i Skipardalen lage mat. Så godt steikt vart maten, at brannalarmen vart utløyst.

– Det var ein automatisk brannalarm som vart uløyst i samband med matlaging, stadfestar vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Espen Rysjedal.

– Vi rykte ut, men det var ingen dramatikk.

Les også: Huset på Rota er brent ned – ettersløkkingsarbeid pågår

Artikkeltags