Sandstorm førte til brannutrykking

Artikkelen er over 1 år gammel

Trudde det brann, men det var kraftig vind som blas opp ei støvsky.

DEL

Brannvesenet i Flora rykte i ettermiddag ut, etter melding om kraftig røyk frå eit industriområde i Eikefjord.  Det skriv Firda.

– Vi har sendt ut folk for å sjekke området, sa Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen til NRK klokka 17.27 i dag.

Fem minutt seinare var meldinga ei anna:

– Det er ingen ting, seier Aune då.

– Men kva med uttrykket «Ingen røyk utan eld?»

- Ja, det var ikkje røyk heller. Det viste seg at det var kraftig vind som hadde blåse opp ei stor støvsky, seier Aune til Firda.

Artikkeltags