Bilbrann i Eid

Av

Manuel dirigering på E39 på grunn av bilbrann mellom Eid og avkøyrsla til Hornindal.

DEL

Ein står i full fyr langs E39 ved Holmøyvika, mellom Eid og avkøyrsla til Hornindal. Politiet fekk melding om dette klokka 13.00.

Brannvesenet er komen fram til staden og begynner no med sløkking, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til Firda klokka 13.28.

– Bilen skal ha stått i full fyr, men sjåføren klarte å køyre av hovudvegen og kom seg ut. Sjåføren framstår ikkje som skada, seier Rebnord.

– Tok bilen plutseleg berre fyr?

– Det er ikkje sagt noko om foranledninga. Sjåføren hadde nok meir enn nok med å varsle. Vi får sjå når vi kjem fram om han har noko forklaring på kva som har skjedd, seier operasjonsleiaren.

Brannvesenet dirigerer trafikken manuelt forbi staden, skriv Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags