Huset på Rota er brent ned - ettersløkkingsarbeid pågår

Hus overtent på Rota.

Hus overtent på Rota. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Det er slått full alarm, stadfestar vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø då Firdaposten snakka med dei 20:26 tysdag kveld.

Det var eit kvitt hus på Rota, godt synleg frå Florø sentrum, i full fyr. No har politiet avslutta arbeidet sitt på Rota, og brannvesenet jobbar med ettersløkking.

Ingen i huset

Vest politidistrikt opplyste på Twitter at huset mest truleg ikkje er busett, og det er ikkje observert personar i eller ved huset.

– Vi er i ein situasjon no med eit overtent hus medan ein del av mannskapet er på ferie. Vi veit enno ikkje kor mange som kan stille, sa Andal når alarmen gjekk.

- Huset var overtent

Eit mannskap på åtte rykte ut til Rota. Dei drog med Seaservice og med brannbåten.

– Huset var overtent då dei kom ut. Jobben blir å kontrollere at det ikkje går i terrenget og spreier seg, seier Nina Andal og legg til:

– Mannskapet må kjøle ned huset og sløkke før dei dreg frå åstaden, så dette kan ta si tid. Men no regna det, takk og lov, sa ho.

Opprettar sak

Det er politiet som skal etterforske årsaka til brannen. Dei fekk melding om brannen 20:15 tysdag kveld. Dei har avslutta arbeidet på Rota og har vore i kontakt med huseigar. Dei stadfestar på Twitter at det ikkje er observert personar i eller ved huset, og brannårsaka er ukjent.

Det opprettast sak som vil etterforskast av politiet i Flora.

Artikkeltags