Mest selde bilen i juni var ein elbilmodell

Artikkelen er over 1 år gammel

NPK-NTB: Elbilen Nissan Leaf var den mest selde bilmodellen i Norge i juni. Samtidig hadde nullutsleppsbilar ein marknadsdel på 25 prosent.

DEL

Ifølgje organisasjonen Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) blei det registrert 1.152 Leaf-modellar i juni, medan det totale talet på registrerte nullutsleppsbilar var 3.973. Det skriv Firda.

Personbilane med hybriddrift hadde 36,5 prosent marknadsdel same månad. 23,8 prosent av dei nye personbilane registrert i juni hadde berre bensinmotor, medan dieselbilar hadde ein marknadsdel på berre 14,6 prosent.

Dette er klart lågare enn dei 25,1 prosentane elbilane utgjorde av dei totalt 15.845 nyregistrerte bilane.

Elbilar utgjorde også ein stor del av trafikken i Oslo-området i juni. Der var kvar fjerde bil i morgonrushet ein elbil, noko som til saman utgjorde 1,66 millionar passeringar av bomringen.

– Vi ser at den langsiktige trenden med auke i talet på elbilar og nedgang i talet på dieselbilar held fram, og at dette er endå tydelegare i morgonrushet enn elles på døgnet, seier økonomidirektør Magne Liestøl Larsen Fjellinjen om utviklinga.

(©NPK)

Artikkeltags