Små steinar øydelegg for store summar

Steinsprutskade.

Steinsprutskade. Foto:

BIL: våren er høgsesong for steinsprut. Truleg vil svært mange av oss oppleve å få ein slik skade framover.

DEL

Vi går no inn i ei tid der det er høgsesong for «det store smellet». Det er nemlig ein god grunn til at TV og radio i desse tider er fulle av reklame for reparasjonar av steinsprutskadar.

Når snøen smeltar blir småsteinar og anna rask i vegbanen virvla opp, og smell inn i frontruten, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Flere stader har det i perioder vore berre vegar dei siste vekene. Det medfører at sesongen for steinsprutskader har startet tidlegare dette året. I Sogn og Fjordane måtte 5.200 bileigarar innom ein verkstad for å reparere ruta eller få den skifta i løpet av fjoråret. Erstatningane ende på 38 millionar kroner, eller nærare 100.000 kroner kvar einaste dag. Truleg vil minst like mange bileigarar i Sogn og Fjordane oppleve denne type skade også i år.

Viss du får ei rose i frontruta er det viktig å dekke den til raskast mogleg med tape. Ein ubeskytta sprekk vil bli fylt av skit, og då kan det være umogleg å reparere den. Glasverkstader deler gjerne ut spesielle klistremerke for føremålet.

Det er vanskeleg å gardere seg mot steinsprut, men nokre råd har forsikringsselskapet:

– Det enklaste er å halde god avstand til bilen framfor, men nokon garanti mot ei lita «rose» i frontruta er det ikkje, seier Voll.

Vegar som har vore strødde er naturleg nok meir utsette enn vegar som berre har vore salta

Kostnadane ved å skifte ei rute er store. På bilmodellar med varmetrådar eller andre tekniske innretningar i frontruta er kostnadane ekstra høge. Difor er det ein stor fordel når kunden vel å reparere ruta, i staden for å skifte den. Alle bileigarar med delkasko eller kasko får reparert steinsprutskade gratis. Må ruten skiftast er det som regel ein eigendel.

I løpet av 2018 betalte forsikringsselskapa ut over 1,6 miliardar i erstatning for 256.000 steinsprutskadar.

Nyare bildar har ofte frontruter med meir avansert teknologi. Det er ikkje uvanleg at kostnaden ved å skifte ei frontrute på desse bilane er på over 20.000 kroner. Ved sidan av frontruter er også karosseri og lykter utsette for steinsprut.

Artikkeltags