Avslutta leiteaksjon i sjøen ved Bergen utan funn

Redningshelikopteret i aksjon

Redningshelikopteret i aksjon Foto:

Av

BERGEN: Naudetatane, inkludert redningshelikopteret frå Florø, rykka søndag morgon ut til melding om at fire personar var i sjøen ved Sandviken i Bergen. Ved 8-tida blei søket avslutta utan funn.

DEL

Politiet fekk først kontakt med éin person som hadde vore i vatnet. Denne personen sa at det var ytterlegare fire personar i vatnet, og det blei sett i verk leiteaksjon.

– Personen er godt kjent for politiet for falskmeldingar, men inntil vidare jobbar vi vidare på staden for å få avklart kva som har skjedd, skreiv Vest politidistrikt på Twitter søndag morgon.

Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) stadfesta til NTB at dei leia søket etter meldinga om at fire personar var i vatnet ved Sandviken. Fleire redningsskøyter frå NSSR, samt fleire andre fartøy deltok i søket. Det gjorde også eit redningshelikopter frå Florø og ein luftambulanse frå Bergen.

Klokka 8 søndag morgon melder HRS at søket er avslutta utan funn.

– Det reknast med at meldinga om at det var fleire personar i vatnet ikkje stemmer. Aktuelt søkeområde er godt søkt gjennom, skriv dei på Twitter.

Politiet melde først om hendinga klokka 5.31 søndag morgon. Politiet har oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags