Skogbrannfaren aukar - DSB aukar beredskapen

BEREDSKAP: Vurderer situasjonen løpande.

DEL

Store delar av Norge er på veg inn i ein periode med høge temperaturar, lite nedbør og aukende skogbrannfare. DSB har difor beslutta å auke beredskapen og har sju skogbrannhelikopter utplasserte over heile landet denne langhelga.

Dei sju helikoptera er lokaliserte i Tana, Tromsø, Mo i Rana, Trondheim, Sauda, Kjeller og på Torp og dekkjer dermed heile landet. Det blir gjort ei ny vurdering av beredskapen på måndag.

– DSB har høg beredskap og vurderer skogbrannsituasjonen løpande. Beslutninga om å sette ekstra beredskap blir gjort på kort varsel, og helikopter blir flytta til dei områda i landet som har størst fare for skogbrann, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Til no i år (25. juli) er det registrert 482 grasbrannar og 192 brannar i skog og utmark. Vest-Agder, Rogaland og Østfold er fylka som har vore ekstra utsette så langt i år.

Artikkeltags