Kan du greie deg i tre dagar utan straum, vatn eller mobilnett? Det synes DSB du bør.

Oslo  20181019.
Ting man bør ha i beredskap er ved, teppe, våtservietter, nøtter, hermetisk mat, primus med kjele, radio, pillebrett, fyrstikker, stearinlys, antibak, førstehjelpsutstyr, vann og hodelykt.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Oslo 20181019. Ting man bør ha i beredskap er ved, teppe, våtservietter, nøtter, hermetisk mat, primus med kjele, radio, pillebrett, fyrstikker, stearinlys, antibak, førstehjelpsutstyr, vann og hodelykt. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BEREDSKAP: Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB) set lys på eigenberedskapen i Norge og sender ut brosjyre til alle hustandar.

DEL

Difor har dei sendt ut ei brosjyre om eigenberedskap til alle landets husstandar.

I Norge er vi vane med at det meste fungerer som det skal. Men livet i Norge er heilt avhengig av straum, vatn og internett. For mange kan det være vanskeleg å tenke seg at de ikkje skulle ha tilgang til dette. Kanskje er denne avhengigheita vår største sårbarheit?

Aller først ber DSB oss om å vere førebudde på at vi kan klare oss heime i minst tre dagar. Då må vi sørge for varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon.
For det andre anbefalar DSB at du finn ut kven som kan trenge hjelp hvis noko uforutsett skulle skje, og tenker gjennom korleis du kan bidra for å hjelpe.
Og til sist oppfordrer DSB til å tenke gjennom kva som kan skje der du bur. Diskuter gjerne med dei rundt deg korleis de kan bli ramma, og korleis de kan handtere det.

Det er flere forhold som gjer at DSB no kjem med eigenberedskapsråd til befolkninga: Klimaendringane har bidrage til meir ekstremvêr, som kan gå ut over kritisk infrastruktur, som straum, vatn og mobilnett. I tillegg har den endra tryggleikspolitiske situasjonen dei siste åra ført til at Norge no moderniserer totalforsvaret. Auka beredskap i befolkninga – altså korleis kvar enkelt tek vare på seg og sine viss noko uforutsett skulle hende – er ein naturleg del av arbeidet med eit moderne totalforsvar.

Dette sagt, presiserer DSB at Norge er eit svært trygt land, og at alt tyder på at det vil halde fram med å vere det. Men sjølv om sannsynligheita er låg, kan også vi bli ramma av naturhendingar, ulukker, sabotasje, tekniske problem, terror, tryggleikspolitisk krise eller krig. Difor er det lurt å vere førebudd, og ofte er det ikkje så mykje som skal til. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølve i nokre dagar.
 

Viss du og familien din er førebudd på å klare dykk sjølv i minst tre dagar, har de truleg komme dykk gjennom dei fleste kriser som kan ramme samfunnet vårt. Og skulle krisa bli meir langvarig, har de skaffa dykk handlingsrom for vidare planlegging.

Om ei stor hending eller krise oppstår, er det mange som treng hjelp. Viss fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss, kan hjelpa settast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av Norges beredskap.

Beredskapsråd

- Målet med kampanjen "Du er ein del av Norges beredskap" er å styrke medvitet og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.

- På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd og døme om korleis du og dine kan klare dykk sjølve i minst tre dagar viss noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjoner – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

- Denne veka vert det sendt ut 2,4 millioner informasjonsbrosjyrer - ei til kvar av landets husstandar.

- Kampanjen er utvikla av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Oslo kommune.


 

Artikkeltags