– Vi må vite meir om dødsulykkene

Artikkelen er over 2 år gammel

Statens havarikommisjon for transport skal undersøke fire dødsulykker med fritidsbåt i Hordaland og Sogn og Fjordane.

DEL

I snitt mistar 30 personar livet i fritidsbåtar kvart år. I 2018 har ti personar mista livet så langt. To av desse mista livet i ulykker i Sogn og Fjordane, og skal no undersøkast. Det seier Pål Brennhovd i Statens havarikommisjon for transport til Bergens Tidende (BT). Dei skal undersøke fire dødsulykker med fritidsbåt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er første gong det vert gjort slike undersøkingar om dødsulykker med fritidsbåt.

 – Vi ser eit behov for å innhente meir fakta og kunnskap, samt kartlegge omfang og omstende rundt dødsulykker der fritidsbåtar er involvert, seier Brennhovd.

Undersøkinga skal bli til ein rapport i mars 2019 som samanfatta kartlegginga. Den skal vere med å styrke sikkerheita i framtida. I undersøkingane skal kommisjonen mellom anna sjå på fart og promille. Kartlegginga skal bygge på informasjon frå hovudredningssentralane, politi og redningsmannskap.

– Vi skal danne oss eit bilde av kva erfaring båtførarane har og kor god kjennskap dei har til farvatnet der ulykka skjer, seier Brennhovd til BT.

Begge ulykkene i Sogn og Fjordane skjedde i Vågsøy på ein periode over ein månad. Den første var 23. april på Totland i Vågsøy. Der vart ein båt observert med kjølen opp, og søk vart sett i verk. Ein person vart funnen i sjøen og seinare erklært omkommen. Den andre ulykka var den 19. mai i Selje. Ein båt grunnstøytte og berre baugen stakk opp frå sjøen. Etter redningsoperasjon og søk vart ein person henta ut frå båten, og denne kvinna vart seinare erklært omkommen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken