Det finst 900.000 fritidsbåtar i Norge - no vil Kystverket bli betre til å førebygge ulukker

Illustrasjonsfoto frå Breivika Båthamn.

Illustrasjonsfoto frå Breivika Båthamn. Foto:

FRITID: – Rapporten til Statens Havarikommisjon for transport (SHT) om fritidsbåtulukker gir betre grunnlag for å førebygge ulukker og uønskte hendingar.

DEL

Det seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Rapporten etter undersøkinga frå i fjor viser at det no er meir enn 900.000 fritidsbåtar i Norge, og at nærare 2,3 millionar nordmenn årleg er på sjøen i ein fritidsbåt. Og trass i at både myndigheitene, lag og organisasjonar gjer sitt i arbeidet med å sørge for at ferdselen i båt går føre seg på tryggast mogleg vis, førekjem det ulukker med dødeleg utfall.

Til no har ikkje kunnskapen vore god nok til å kunne sette inn effektive tiltak for å førebygge fritidsbåtulukker. Arbeidet SHT har gjort, har bestått av to hovudoppgåver: Å innhente informasjon om alle fritidsbåtulukker med omkomne i 2018, og å innhente historiske opplysningar om slike ulukker i perioden 2008-2017 - også der det ikkje var omkomne.

Rapporten viser at talet på fritidsbåtulukker har vore aukande i perioden 2008-2017. Det er blitt fleire framdriftshavari (motorstopp og liknande) og grunnstøytingar for motorbåtar, som igjen kan ha samanheng med at det har blitt betydeleg fleire slike båtar på sjøen i denne perioden. For heile perioden var det 367 omkomne, og desse tala viser ein synkande trend.

I 2018 omkom 23 personar i fritidsbåtulukker, medan tre fekk alvorlege skadar. Totalt var 44 personar involverte i 22 ulukker, der ein eller fleire omkom - færre enn tidlegare år. Halvparten av dei omkomne i fjor drukna etter at båten hadde kantra, eller etter at dei hadde falle overbord. I dei fleste tilfella tok det lang tid, meir enn 45 minuttar, før andre vart klar over at dei var i naud. Nedkjøling har sannsynlegvis bidrege til at dei omkom.

Kvar fjerde ulukke i fjor var utanlandske turistar som hadde leigd båt.

Grunnstøytingar og kollisjonar får mykje merksemd, men kan skugge for at 80 prosent av dei forulukka i fjor omkom under andre tilhøve. Berre kvar femte forulukka i fjor omkom etter at båten gjekk på grunn eller kolliderte. Desse ulukkene blir kjenneteikna av tre faktorar: Høg fart, ruspåverking og tussmørke.

Artikkeltags