Høg fart og grisekøyring irriterer også på sjøen

Nokre manglar forståing for kor gale det kan gå når farten er for høg på sjøen.

Nokre manglar forståing for kor gale det kan gå når farten er for høg på sjøen. Foto:

BÅTLIV: I ei undersøking av Ipsos for Gjensidige svarar 12 prosent av båteigarar i Sogn og Fjordane at dei ofte opplever at andre båtførarar er til plage.

DEL

31 prosent opplever dette av og til.

- Ikkje alle finn den "roen" dei skulle ønske. Høg fart, støy og at folk køyrer for nært, er fleire moment som irriterer store deler av båtfolket, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.




Han seier selskapet ønsker at flest mogleg skal skaffe seg kompetanse før de set seg i båt.

– Vi ser heilt klåre tendensar til at motorstorleik og fart har auka betydeleg dei siste fem til ti åra, seier Voll.



Etter at det blei lov å bruke vasscooter har dette også blitt eit mogleg problem for mange. Saman med mindre, hurtiggåande båter held de ofte på nær land, og Voll trur ein del desse ikkje er klar over at dei kan vere ei plage for andre.



- Senk farten og ta omsyn til omgjevnadane. Då blir det sikrare og ikkje minst, mykje hyggelegare, for alle som oppheld seg på sjøen, seier Voll.

Artikkeltags