Hugs bandtvangen

Dersom du bryt reglane for bandtvang, kan du bøteleggast, opplyser Mattilsynet.

Dersom du bryt reglane for bandtvang, kan du bøteleggast, opplyser Mattilsynet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

1. april til 20. august er det generell bandtvang for hund i heile landet. Mattilsynet minner difor i ei pressemelding alle hundeeigarar om å ha hunden i band. Generell bandtvang er ein periode kvart år der hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda heile tida, men den gjeld ikkje for enkelte typar jakt- og tenestehundar i aktiv teneste eller under trening.

- Dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden, og for å unngå at hundar skremmer opp eller jagar fugl, vilt og beitedyr er det viktig at alle overheld bandtvangen. Dette er også ei tid på året då det er mange menneske ute. Hald hunden i band av hensyn til andre, sier Ole-Herman Tronerud, seniorrådgjevar, seksjon dyrehelse i Mattilsynet.

Fleire kommunar har eigne område der det er lov til å sleppe hunden laus heile året uavhengig av bandtvangperioden. Enkelte fylke og kommunar har eigne reglar om bandtvang på bestemte område utover den generelle bandtvangstida, som til dømes utvida bandtvang i populære turområde.

Ta kontakt med kommunen din dersom du lurar på om det er lokale føresegner som har betydning for moglegheita til åsleppe hunden laus. Møter du ein hund som er laus, kan du fange den og levere den tilbake til eigaren. Dersom du ikkje veit kven eigaren er, skal hunden snarast leverast til politiet.

Den som bryt reglane for bandtvang, kan bøteleggast.

Artikkeltags