Båt med fire personar køyrde på grunn

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Alle om bord vart redda. Ein person vart sendt til Førde sentralsjukehus med skadar.

DEL

01.46 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein 39 fots fritidsbåt hadde køyrt på eit skjær på Måsnesholmen ved Atløy.

– Båten var på veg frå Molde til Sørlandet. Ved Atløy køyrde den på grunne og byrja å ta inn vatn. Dei om bord fekk start på motoren igjen og fekk køyrt båten inn til ein holme og gjekk i land der. Så sank båten, fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til Firda.

Ein sendt til sjukehus

Alle ombord var menn og ein fekk skadar som følgje av grunnstøytinga. Sea-King frå Florø redda alle og flaug dei til Florø. Der vart den skadde mannen køyrt vidare til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er førebels ukjent. Dei andre har overnatta på hotell, opplyser Sætre.

Ei redningsskøyte vart sendt til ulukkesstaden for å prøv å berge båten, men den vart meld sokke litt over klokka 04.00.

Det skal ikkje vere mistanke om rus. Politiet opprettar sak og vil gjennomføre avhøyr av dei involverte.

Ifølgje Bergens Tidende skal den skadde mannen ha slått hovudet.

- Det vart ikkje meldt om alvorlege hovudskadar, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt til avisa.

Saka vert oppdatert.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags