Arbeider fall i sjøen og hamna mellom kaia og båten

Vart henta opp av to kollegaer.

DEL

(Firda) Politiet melde tysdag kveld om ei arbeidsulykke ved Fjordbase i Florø.

Ein arbeidar fall i sjøen mellom kai og ein båt som vart lasta, og vart henta opp av to kollegaer.

Ifølgje politiet reagerte dei to raskt då hendinga skjedde, og arbeidaren vart frakta til sjukehuset i Førde i ambulanse. Han vart rapportert å ha smerter i skulder og rygg.

Mannen skal ha falle bakover i samband med kaiarbeid. Identiteten er ikkje kjent for politiet.

Beate Solheim Grønnevik, marknadsansvarleg i INC Gruppen informerer om at alle operasjonar på alle kaiar på basen avslutta umiddelbart etter at ulykka skjedde, og at beredskapsteamet til Saga Fjordbase vart samla. Politiet melde klokka 22.52 at teamet som jobba dåvar blitt hand om og var sendt heim.

Politiet og arbeidstilsynet har oppretta sak på forholdet. I tillegg vil Saga Fjordbase sjølv granske hendiga og gå gjennom sine rutiner.

Artikkeltags