– Vi må våge å refse fulle foreldre

Generalsekretær i AV-OG-TIL, Randi Hagen Eriksrud, ber flere voksne om å gripe inn når barn lider sammen med fulle foreldre.

Generalsekretær i AV-OG-TIL, Randi Hagen Eriksrud, ber flere voksne om å gripe inn når barn lider sammen med fulle foreldre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kvar femte nordmann har sett barn som så ut til å ha det vondt på grunn av foreldra sitt alkoholbruk på ferie i utlandet. Men det er berre 4 prosent som har meldt forholdet vidare til reiseselskap eller hotelltilsette.

DEL

Det viser ei fersk undersøking Respons Analyse har utført på oppdrag for alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL. Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud meiner tala er alvorlege. No ber ho fleire vaksne om å gripe inn i slike situasjonar.

– Barn er dobbelt utsett på ferie i utlandet. De er i ein utrygg situasjon langt unna de vanlege rammene heime, samtidig som foreldra drikker meir enn de pleier. Då er det urovekkande at så få tør å varsle når vi ser at barn har det vanskeleg, seier Eriksrud.

Fleire undersøkingar har vist at nordmenn drikk meir alkohol i ferien og særleg når ferien går til sørlege strøk. Nettopp difor bør ein følge litt ekstra med på barna no i sommarmånadane, meiner Eriksrud. 

– På ferieturen har ikkje barn mogelegheit til å søke trøyst hos ein lærer eller ein snill nabo, slik de kan heime. Difor er det endå viktigare at du viser barnet at du er ein voksen det går an å snakke med, seier ho. 

Det er bekymringsfullt at så få tør å varsle når vi ser at barn har det vanskelig.

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL

Eriksrud oppfordrar folk til å ha auga opne i ferien, og melde frå til reiseselskap, hotelltilsette eller andre vaksne rundt barnet dersom dei trur eit barn treng hjelp. 

– Mange som sjølv har opplevd at foreldra drakk for mykje i barndommen fortel om ubehaget ved at alle ser kva som skjer, men ingen gjør noko for å hjelpe. Det må det bli slutt på. Vi har alle eit ansvar for å varsle. Barnas velvære er viktigare enn vårt eige ubehag, fastslår Randi Hagen Eriksrud. (ANB)

Artikkeltags