Gav dispensasjon til akvakulturanlegg trass naboklager

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet i Bremanger kommune gav begge søkarane dispensasjon.

DEL

Ved Skipperdalneset på nordsida av Frøysjøen er det sett av ein akvakulturlokalitet i gjeldande kystsoneplan. Sidan planen er gammal er området alt for lite for dagens oppankringssystem, og difor må fortøyingane til anlegget gå utanom området som er sett av til akvakultur – og då må det dispensasjon til.

Trass i naboklager, vedtok formannskapspolitikarane i Bremanger i mars å gje dispensasjon til både Havbrukspartner og Marine Harvest for oppdrettslokalitet ved Skipperdalsneset i nærleiken av Berle.

Les også:   Kamp om akvakulturlokalitetar i Bremanger

Dispensasjon trass klager

Medan Marine Harvest møtte polititikarane i Bremanger tidlegare i år, var først Havbrukspartner på vitjing hos formannskapet seint i mars. Dei representerer selskapa Langøylaks AS, Troland Lakseoppdrett AS og Austevoll Melaks AS.

Les også:   Marine Harvest frir til politikarane. No protesterer naboane.

I naboklagene som kom etter det var kjent at kommunen vurderte å gje dispensasjon til selskapa, var det særleg det at området er flittig brukt til fritidsfiske, med eit særleg rikt dyreliv som vart lagt vekt på. I dispensasjonen frå formannskapet står det skrive at det krevjast best mogleg driftsteknikk og -metodar for å hindre miljøulemper ved lokalitetane, og ein god dialog med fiskarlaget om utforming av anlegga.

Søkarane

Marine Harvest har to anlegg i drift i Bremanger med til saman 14 lisensar, Juvika ved Dombestein og ved Gulestø på sørsida av Frøysjøen. Dei har planar om å drifte lokaliteten saman med oppdrettsanlegget i Gulestø sør i Frøysjøen. Det vil bety tre til fire lokale tilsette. Om lokaliteten vert sjølvstendig betyr det sju tilsette.

Les også:  Første friar inne i salen

Den andre interessenten, dei tre Austevoll-selskapa representert ved firmaet Havbrukspartner, har booka seg inn for å informere politikarane i formannskapet, som har møte den 22. mars. Desse selskapa samla har åtte konsesjonar for laks og aure, og har eigen produksjon av rognkjeks. I søknaden om dispensasjon frå kommunen sin arealplan viser også dei til nye, lokale arbeidsplassar, i dette tilfellet 4–5 stykke.

Les også:  Flyktar frå sjukdom i Hordaland, vil starte oppdrett i Frøysjøen

Artikkeltags