Dei driv barnehage på lånt tid

Tenesteleiar Gro Hovland og verneombod Regina Gjørøy i Nyheimvegen barnehage.

Tenesteleiar Gro Hovland og verneombod Regina Gjørøy i Nyheimvegen barnehage. Foto:

I ein gammal kolonialforretning i Havreneset lever ein barnehage på nåde. Både Arbeidstilsynet og Flora kommune vil avvikle den. Men dei tilsette stortrivst.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Heilt sidan eit tilsyn i 2011 har Arbeidstilsynet halde auge med Nyheimvegen barnehage i Havreneset.

Barnehagen ligg i eit gammalt hus som opphavleg var kolonialforretning. Her er mange upraktiske løysingar, dårleg ventilasjon, tronge rom, manglande stellefasilitetar, og personalet manglar både garderobe og eit skikkeleg pauserom.

Dette har ført til fleire pålegg frå Arbeidstilsynet, som kommunen har fått utsett gjentekne gonger i påvente av bygging av ny barnehage på Knapstadmarka. Men no er det slutt på utsettingane. Viss ein ikkje sikrar betre stelleplass, eigen garderobe for dei tilsette og dokumentasjon på tilfredsstillande klima og luftkvalitet snarast, må Flora kommune betale over 2.000 kroner dagen i dagmulkt.

Personalet her har i alle år strekt seg veldig langt, og sett gjennom fingrane med mykje.

Gro Hovland

Trongt om plassen

Då Firdaposten er på besøk i Nyheimvegen, sit styrar Gro Hovland å et lunsjen sin saman med nokre av barna i eit av opphaldsromma, berre eit lite steinkast frå kontoret sitt, som er så lite at det er vanskeleg å få tre personar inn der.

Kontoret og barna sitt areal er skilt av ein pitteliten gang, der ein må vente på tur for å krysse. Kvar ein vesle krok er utnytta her, i gangen er det oppbevaring av bøker. I trappegangen opp til andre etasje er delar av personalet sine kle lagra.

Ein av inngangsdørene går til denne smale gangen. Her har tenesteleiaren eit knøttlite kontor på venstre side, på høgre side er det opphaldsrom for barna. Og i gangen vert det oppbevart bøker. Verneombod Regina Gjørøy(t.v.) og tenesteleiar Gro Hovland.

Ein av inngangsdørene går til denne smale gangen. Her har tenesteleiaren eit knøttlite kontor på venstre side, på høgre side er det opphaldsrom for barna. Og i gangen vert det oppbevart bøker. Verneombod Regina Gjørøy(t.v.) og tenesteleiar Gro Hovland. Foto:

For å få godt nok inneklima må dei lufte jamleg, ha ekstra reinhald, og ingen i personalet kan bruke parfyme. Kommuneoverlegen har forsikra om at inneklimaet er godkjent så lenge dei lista opp tiltaka vert følgt.

– Den største utfordringa er stellerommet. Det er ikkje plass til ein stellebenk med heve- og senkefunksjon, det er heller ikkje plass til korga med stelleutstyr på benken. Så dei tilsette må strekke og vri på seg for å få tak i skiftekle, salve og liknande, og slike vridingar er noko av det verste ein kan gjere i ein arbeidsstilling, ifølge bedriftshelsetenesten, fortel Hovland.

God trivsel

Men sjølv om dei fysiske lokala er utfordrande, viser kartleggingar at arbeidsplassen har eit godt psykososialt arbeidsmiljø, og barnehagen er populær blant foreldre.

– Personalet her har i alle år strekt seg veldig langt, og sett gjennom fingrane med mykje. Dei er svært fleksible, skryt Hovland.

Verneombodet nikkar, og seier seg einig med sjefen.

– Her er mange plussider, og mykje som vegar opp for manglane ved bygget. Mange foreldre seier dei vil sakne oss, og ville aldri hatt ungane i ein annan barnehage. Her er lite og intimt, trygt og oversiktleg, fortel Regina Gjørøy.

Personalet er glade i arbeidsplassen sin, forsikrar dei.

– Sjølv om det kanskje er eit dårleg og lite funksjonelt bygg, så gror ein seg inn i det. Ein blir glad i det, og her er koseleg å vere, seier Hovland.

– Og vi forsøker å kompensere for dei fysiske avgrensingane til barnehagen, både inne og ute, ved å skape ekstra godt innhald og gode aktivitetar. Vi brukar til dømes mykje Knapstadmarka og nærområdet, fortel ho.

Hovland hugsar sjølv at det var kolonialforretning i bygget.

– Då eg var lita gjekk eg her med toøringen min og kjøpte karamellar, fortel ho.

Stelleplassen er  kanskje den største utfordringa, fortel Gro Hovland og Regina Gjørøy.

Stelleplassen er kanskje den største utfordringa, fortel Gro Hovland og Regina Gjørøy. Foto:

Skal stenge

Men sjølv om Nyheimvegen barnehage har sine utfordringar, så gruar dei seg begge to til den dagen dei skal vri nøkkelen om i døra for siste gang, og flytte heile barnehagen inn i nye lokale på Knapstadmarka, når den nye barnehagen står klar der. Då blir dei slått saman med Dalvegen barnehage.

– Vi kjem nok til å felle ei tåre då ja. Det blir både vemodig og trist å skulle flytte. Men det blir veldig spennande å vere med å skape noko nytt, saman med Dalvegen, seier Hovland.

Får tilbygg?

Fredag var tenesteleiar Gro Hovland og verneombod Regina Gjørøy i møte med Flora Bygg og Eigedom, der dei vart orienterte om planane for eit nytt tilbygg. Desse planane skal politikarane orienterast om i Levekårsutvalet tysdag.

Planen er å ta ein del av uteområdet og bygge på barnehagen, med eit tilbygg som vil gi personalrom, garderobe, eige rom til reinhaldaren og nytt stellerom. Men først må planane godkjennast både av Arbeidstilsynet og Flora kommune. 

– Vi svever litt på ei rosa sky i dag, etter å ha fått presentert planane. Dette blir ikkje noko slott, men det blir ei vesentleg oppgradering for oss, seier Hovland.

– No får vi eit personalrom med to arbeidsplassar, og eit spiseområde. Vi får også plass til ein utslagsvask og ei kaffitraktar. Det har vi ikkje i dag. Så dette blir bra, vi er veldig glade! Dette er ein merkedag, seier ho.

Etter planen skal dei også få personalgarderobe med låsbare skap, eigen WC, og eit funksjonelt stellerom på 13 kvadrat, med heve- og sengebenk.

Det blir både vemodig og trist å skulle flytte. Men det blir veldig spennande å vere med å skape noko nytt

Gro Hovland

Grovgarderobe

Dei håpar også å få på plass ein grovgarderobe i prosjektet. For den eine barnehageavdelinga har blanda garderobe, og må tråkke gjennom våtområde for å komme inn på sjølve avdelinga.

– Det ligg ikkje i Arbeidstilsynet sine krav, men vi håpar det kan ordnast, seier Hovland.

Påbygget tar litt av uteområdet på baksida av barnehagen.

– Vi har jo byens beste akebakke for denne aldersgruppa. Den forsvinn når vi får tilbygget. Men vi har blitt lova ein ny på ein annan del av uteområdet, fortel Regina Gjørøy.

Ho og Hovland skryt veldig av samarbeidet med Flora Bygg og Eigedom, som har driftsansvaret for Flora kommune sine bygg.

– Vi har fått vere med i heile prosessen, teikne forslag og vi er blitt lytta til. Ting har skjedd veldig fort her. Det blir truleg byggestart rett over nyttår, det er vi veldig glade og takknemlege for, seier Hovland.

Barnehage på Knapstadmarka

Flora bystyre vedtok i desember 2011 å bygge ny barnehage på Knapstadmarka.

Barnehagen skal erstatte Nyheimvegen og Dalvegen barnehagar, som begge held til i eldre, lite funksjonelle bygg, med avgrensa uteområde. Det har også vore snakk om å eventuelt avvikle Nepjarhaugen barnehage når den nye står klar.

Då vedtaket vart gjort i 2011 var planen at bygginga skulle starte allereie i 2013, og at den nye barnehagen skulle ha inntil 150 barnehageplassar.

Men no skriv vi 2017, og barnehageprosjektet er framleis ikkje ferdig planlagt. Ein av årsakene som har forseinka barnehagen er usemje med Statens vegvesen om trafikale løysingar. Difor har Flora kommune ikkje fått ferdigstilt reguleringsplan for området.

No nyleg har ein løyst det trafikale, og ein har komme eit stort steg nærare realisering. Men det vil uansett ta fleire år før nybygget står klart.

Artikkeltags