Pasientar som skal på sjukehus vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane. For dei det gjeld vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte. Med Austlandet meiner ein sør for Trøndelag og aust for Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

For pasientar som skal til planlagd behandling, vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg.

Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom, skal vere isolerte og testast. Ved negativ test vil isolasjonen verte oppheva.

Pasientar som har vore på Austlandet og har spørsmål, kan kontakte sjukehuset frå måndag morgon.

Det er og innført nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der det ikkje er råd å halde ein meter avstand, skal både pasientar, pårørande og tilsette nytte munnbind.

Besøksreglane til sjukehusa i Helse Førde gjeld som før. Men dersom du som pårørande har vore på Austlandet dei siste ti dagane, eller framleis oppheld deg der, kan du desverre ikkje komme på besøk på sjukehusa våre. Det vert gjort unntak for besøk til barn og pasientar i siste fase av livet.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid:

- Hald god avstand, helst to meter

- Vask hendene ofte og grundig

- Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime

- Ha kontakt med så få som råd